Utstilling med workshops – Sinus i minus

Kunsthåndverker Karoline Emmerhoff er på Rogalandsturné med utstillingen «Sinus i Minus». Utstillingen vil være tilgjengelig på Egersund Fayancemuseum 9.-21. november.

ÅPNING – Tirsdag 9. november kl. 14:30
Gratis omvisning i utstillingen med kunstner.

WORKSHOP FOR ALLE
Onsdag 10. november, kl. 10:00-11:30
Pris 150 kr per deltager
Påmelding på e-post: ka-emmer@online.no
Les mer her

WORKSHOP FOR ANSATTE I SKOLER OG BARNEHAGER
Onsdag 10. november, kl. 18:00-20:00
Pris 150 kr per deltager
Påmelding på e-post: ka-emmer@online.no
Les mer her

Foto: Harald Nordbakken

KUNSTNERS PRESENTASJON AV UTSTILLINGEN

Først litt om tema

Rytmen i liva våre representerer noko av det faste og stabile i tilvære. Han finns overalt, både i og omkring oss. Det er noko basalt med rytme.

Frå vi står opp om morgonen og til vi legg oss om kvelden har vi gjerne vore innom mange av dei vanar og rutiner som teiknar seg som eit mønster omkring oss. Skapar dei ei trygg ramme rundt oss, som ein buffer mot alt det uforutsigbare som skjer? Kva er det med desse vanane og rutinene? Og kva skjer når dei brytes? Det er kanskje først når noko blir borte at ein ser verdien av det. Små og store kriser innhenter dei fleste av oss, på det personlege planet, i våre relasjoner, og i storsamfunnet – no med klimakrise og pandemi.

Ser vi krisa i eit større perspektiv finns der noko både førandetter henne. Før med eit liv og ein rytme vi kan lengte tilbake til. Under ei krise – eller unntakstilstand kan deler av dette revne, somme gonger alt. Men ei krise har også i seg muligheten for at noko nytt kan skje.

Utstillinga

Første delen av utstillinga, relatert til før ei krise, blir eit større veggarbeid der rytmen står som eit fast mønster, oppbygd av geometriske former til eit ornament som eit uttrykk for dette faste omkring oss. Fargar og måten desse blir påførte gjenspeglar variasjonar i dagane.

I andre delen, relatert til under ei krise, begynner ornamentet å løyse seg opp – og bryt til sist saman. Ei gradvis oppløysing som viser seg over fleire arbeid. Her blir fargebruken sterkt begrensa – i kontrast til den rike fargebruken i første del. Materialet får også rifter og sår.

Tredje delen, relatert til etter ei krise, peikar mot nytt håp. Ei krise har jo i seg muligheten for noko nytt. Haugen av det samanbrotne kan bli til eit jordsmonn for noko nytt. Kor og korleis finn vi håpet?

Workshop

Hensikta med workshops er å bruke utstillinga som ein katalysator til å reflektere rundt eigne opplevingar og kjensler knytte til temaet. Gi rom for bearbeiding og bevisstgjering, og nære håpet. Ei samling som vil veksle mellom formidling, kommunikasjon og eigenaktivitet. Ord og tekst er nokre av verktøya vi vil bruke. Vi vil også lytte til musikk, frå lydfil som er spelt inn til denne utstillinga.

Prosjektet blir støtta av Rogaland fylkeskommune